Studie viser at yoga har helende egenskaper

Senker blodtrykket og demper betennelser i kroppen. Særlig det siste er viktig ifølge denne artikkelen fra National Geographic. Betennelse er nemlig knyttet til kroniske sykdommer som hjertelidelser, diabetes og leddgikt.

Resultatene ble publisert i National Geographic tidligere i år.

Her kan du lese hele:

New Study Shows Yoga Has Healing Powers.

Til Mor

– Ho er så trist, ho vil berre heim att, sa ei medfølande stemme til kvinna i femtiåra. Og prøvde å forklare kvifor dei hadde auka dosen med antidepresiva til mora. Med lave ord og korte nikk mot mennesket som sat samansunken i ein stol ved vindauget, prøvde ho å seie at det var det beste for alle partar.
Parten det handla om sat med tomt blikk og stira inn i ein industrivegg som dominerte utsikta frå rommet. Rett nok var det betre med vindauge på rommet enn å bu på røykerom og vaskerom slik ho hadde gjort i over ein månad før ho kom hit. Og rett nok var det ein flekk med gras utanfor den store flata i vindauget. Ein grasflekk der ho i ungdommen kunne ha sprunge, stått på hendene eller laga til eit blomsterbed slik ho likte så godt.
I bakgrunnen ensa ho at dei snakka om henne. Sjølv sa ho ingenting. Ho ville ikkje vera nokon til last. Inne i seg flimra ulike inntrykk frå livet. Ho hugsa den strenge faren. Anton, som var politimann og som så gjerne ville at borna skulle gjere det vel på skulen. Med politiautoritet hadde han gestikulert med hendene og trua dei til å pugge innhaldet i salmeboka: – Dette må du lære deg, Ruth!
Når ho vart vaksen skjønte ho jo at han berre ville at dei seks borna skulle gjere det vel i livet. Ho kjende at ho ville heim til dei no. Heim att til mor og far. Til tryggleiken og det gode fellesskapet dei hadde. Heim til lukta frå kjøkenet når mor laga kjøtkaker. Til dei mange historiene storebrørne hennar fortalde når dei hadde lagt seg om kvelden. Til søndagsmiddagane når heile familien var samla. Sjølv episoden der faren sto med hagla i vindauget når ho hadde med seg den fyrste kjærasten sin heim, han som seinare vart mannen hennar, ville ho ha om att. Og til dei tunge økonomiske, men uerstattelege åra då borna hennar var små.
Ho måtte smile litt når ho tenkte på den vesle bjørka ho planta tett ved husveggen den gongen i mai, like etter at fyrste barnet hennar var fødd.
– Det vert for nærme huset kan du skjønne, hadde mannen hennar åtvara mildt. Men ho var stri og fekk det som ho ville. Sist ho såg det, strekte det hals og kika over hustaket, rank i ryggen og med livskraftige greiner. For ikkje lenge sidan hadde ho sjølv kjent seg slik. Sterk og vital. For ikkje lenge sidan hadde ho krabba rundt på golvet i leik med oldebarnet og servert smultringar og kokekaffi når det kom folk på besøk.
Men så vart ho nådd att ho òg. Plutseleg vart det vanskeleg å setje ord på kva ho tenkte på, på korleis asjettane skulle stå når ho dekka bordet. Enkle ting vart plutseleg uoverkommelege.
Sjølv om dei var snille med henne her, stelte henne godt og prøvde med beste evne å få ho til å trivast, var den einaste drivkrafta ho hadde att likevel ønsket om å få kome heim.
*
Lite visste den gamle dama at heimen hennar no var selt. Bjørka var saga ned og blomsterbeda erstatta med tuja på stramme geledd. Foreldra var døde for over tretti år sidan, og berre to av brørne hennar var att. Eller kanskje visste ho det. Langt inne i seg, men minnet hennar ville heller konsentrere seg om dei lukkelege åra i heimen. År som aldri kom tilbake. Ho kunne ikkje skjøne kvifor ho ikkje kunne få lov til å vera lei seg for det. Det var det siste ho hadde att.
Men ho forstod jo at ho måtte tenkje på borna sine. Det vart betre for dei om dei slapp å bekymre seg for mora som sat åleine på rommet og gret over tider som var. Som gret fordi ho ikkje skulle få døy i heimen sin. Heimen som var som ein del av personlegdomen hennar, der livshistoria låg att som ei tjukk, usynleg masse i dei no lyse, caffelatte-farga veggane.

 

IMG_1630

Mor(mor) på sykkeltur i gamle dager