Til Mor

– Ho er så trist, ho vil berre heim att, sa ei medfølande stemme til kvinna i femtiåra. Og prøvde å forklare kvifor dei hadde auka dosen med antidepresiva til mora. Med lave ord og korte nikk mot mennesket som sat samansunken i ein stol ved vindauget, prøvde ho å seie at det var det beste for alle partar.
Parten det handla om sat med tomt blikk og stira inn i ein industrivegg som dominerte utsikta frå rommet. Rett nok var det betre med vindauge på rommet enn å bu på røykerom og vaskerom slik ho hadde gjort i over ein månad før ho kom hit. Og rett nok var det ein flekk med gras utanfor den store flata i vindauget. Ein grasflekk der ho i ungdommen kunne ha sprunge, stått på hendene eller laga til eit blomsterbed slik ho likte så godt.
I bakgrunnen ensa ho at dei snakka om henne. Sjølv sa ho ingenting. Ho ville ikkje vera nokon til last. Inne i seg flimra ulike inntrykk frå livet. Ho hugsa den strenge faren. Anton, som var politimann og som så gjerne ville at borna skulle gjere det vel på skulen. Med politiautoritet hadde han gestikulert med hendene og trua dei til å pugge innhaldet i salmeboka: – Dette må du lære deg, Ruth!
Når ho vart vaksen skjønte ho jo at han berre ville at dei seks borna skulle gjere det vel i livet. Ho kjende at ho ville heim til dei no. Heim att til mor og far. Til tryggleiken og det gode fellesskapet dei hadde. Heim til lukta frå kjøkenet når mor laga kjøtkaker. Til dei mange historiene storebrørne hennar fortalde når dei hadde lagt seg om kvelden. Til søndagsmiddagane når heile familien var samla. Sjølv episoden der faren sto med hagla i vindauget når ho hadde med seg den fyrste kjærasten sin heim, han som seinare vart mannen hennar, ville ho ha om att. Og til dei tunge økonomiske, men uerstattelege åra då borna hennar var små.
Ho måtte smile litt når ho tenkte på den vesle bjørka ho planta tett ved husveggen den gongen i mai, like etter at fyrste barnet hennar var fødd.
– Det vert for nærme huset kan du skjønne, hadde mannen hennar åtvara mildt. Men ho var stri og fekk det som ho ville. Sist ho såg det, strekte det hals og kika over hustaket, rank i ryggen og med livskraftige greiner. For ikkje lenge sidan hadde ho sjølv kjent seg slik. Sterk og vital. For ikkje lenge sidan hadde ho krabba rundt på golvet i leik med oldebarnet og servert smultringar og kokekaffi når det kom folk på besøk.
Men så vart ho nådd att ho òg. Plutseleg vart det vanskeleg å setje ord på kva ho tenkte på, på korleis asjettane skulle stå når ho dekka bordet. Enkle ting vart plutseleg uoverkommelege.
Sjølv om dei var snille med henne her, stelte henne godt og prøvde med beste evne å få ho til å trivast, var den einaste drivkrafta ho hadde att likevel ønsket om å få kome heim.
*
Lite visste den gamle dama at heimen hennar no var selt. Bjørka var saga ned og blomsterbeda erstatta med tuja på stramme geledd. Foreldra var døde for over tretti år sidan, og berre to av brørne hennar var att. Eller kanskje visste ho det. Langt inne i seg, men minnet hennar ville heller konsentrere seg om dei lukkelege åra i heimen. År som aldri kom tilbake. Ho kunne ikkje skjøne kvifor ho ikkje kunne få lov til å vera lei seg for det. Det var det siste ho hadde att.
Men ho forstod jo at ho måtte tenkje på borna sine. Det vart betre for dei om dei slapp å bekymre seg for mora som sat åleine på rommet og gret over tider som var. Som gret fordi ho ikkje skulle få døy i heimen sin. Heimen som var som ein del av personlegdomen hennar, der livshistoria låg att som ei tjukk, usynleg masse i dei no lyse, caffelatte-farga veggane.

 

IMG_1630

Mor(mor) på sykkeltur i gamle dager

 

 

Leiker Kong Arthur

Leiker Kong Arthur

Publisert tirsdag 16. juli 2013 09:05

– Ka du fikkedilla med? 

Odd Kåre Wiik er “Skakk” i Arthurspelet på Sandsøya, ein artig kar med bokstaveleg talt skråblikk på livet. Skakk og dei andre rollefigurane nyttar seg ofte av kreative og artige dialektord i framsyninga, og det er berre éin av grunnane til at historia om Kong Arthur som kjem på besøk på Sandsøya er så morosamt.

Då det vart bestilt av Sande kommune for tretten år sidan, ønskte oppdragsgivar Jostein Korsnes seg eit spel med utgangspunkt i gamle segn. Men det måtte også verte formidla med ei god dose humor. Rykta seier han leverte filmen “Kong Arthur og ridderne av det runde bord” av Monty Python til manusgruppa – og bad om at dei lagde noko like ellevilt. 

Vi kan vel trygt slå fast at Kong Arthur-spelet står i ei klasse for seg når det gjeld utespel. Vi kjem i allefall ikkje på noko anna spel der kongen entrar scena ridande på ein vaskeekte kjepphest!

No er Anna-Ma og eg i gong med å lage årets spelavis for Kong Arthur-spelet. Det gjer vi med glede, og ein av dei første vi ønskte å prate med, var sjølvsagt Kongen. Eller King Charming som nokre av damene på settet kallar han.

Kongen sjølv, alias Wilhelm Støylen, vedgår at han prøver å framstille ein leiken konge, og ser ikkje bort frå at rollekarakteren kan virke sjarmerande på damene.

– Han likar å flørte litt, å vere litt leiken. Der trur eg vi har noko å lære av Kong Arthur på Sandsøya, blunkar Wilhelm med blå, kongelege augo og eit lurt smil om munnen. Blonkesmilefjæs…ImageWilhelm Støylen er klar for rolla som Kong Arthur på Sandsøya. Spelet finner stad 10. og 11. august på Kongsvollen (!) på Sandsøya.